Oddeskogen bustadfelt
Oddeskogen bustadfelt er eit bustadfelt eit par kilometer nord for Evje sentrum, mellom Sindremoen i sør og Kyrkjebygda i nord. Oppføring av nye bustader i området tok til på byrjinga av 1980-talet. Gjeldande reguleringsplan for området er dagsett 11. september 1980. Oddeskogen barnehage ligg rett ved bustadfeltet. Det er også kort veg til Evje barneskule og Evje ungdomsskule.