Hopp til innhald

Fjellklangvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2014 kl. 22:35 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Fjellklangvegen''' er ein tilførselsveg til eit mindre bustadfelt med 7 bustadar på Byglandsfjord. Området ligg nær riksveg 9. ==Historie== Vegen har namn etter eit ungdo...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Fjellklangvegen er ein tilførselsveg til eit mindre bustadfelt med 7 bustadar på Byglandsfjord. Området ligg nær riksveg 9.

Historie

Vegen har namn etter eit ungdomslokale, Fjellklang, som ein gong stod her. Dette vart sett opp i 1915-16 etter at det fyrste ungdomslokalet i bygda brann saman med Byglandsfjord Dampsag i 1913. Nå vart det sett opp av murblokkar, men vart riven i 1972 då Setesdalsvegen måtte utvidast. Erstatninga for bygget var for lita til noko nytt bygg. Bygda skaffa seg eit mellombels lokale i jarnbanens lokomotivstall i 1992-93. Så i 2006 kom Årdalshallen til stor glede og nytte for heile soknet.

Dei fyrste husa her var Sundstad og Bergland frå 1919 og 1920. Etter at Fjellklang vart riven, vart det lagt til rette for nokre fleire bustadar i området, i alt 7. Området kallast Fjellklang, og i 2014 fekk vegsløyva namnet Fjellklangvegen.

Kjelder