Hopp til innhald

Myrstålmyra

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. juli 2026 kl. 06:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Myrstålmyra 9. desember 2018.
Den nordre delen av Myrstålmyra 8. juli 2026.

Myrstålmyra er ei stor myr på heia aust for Fylkesveg 292, på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje. Midt på myra ligg den vesle åsen Bueknutten. På vestsida av Bueknutten ligg Myrstøyltjønn.

Gymsåna renn over myra. Det går ein traktorveg, ein gamal gruveveg, frå Sagbakken gruve ved Fv-292 oppover i terrenget og inn til myra. Frå Lauvland går Jerpedalen opp til myra.

Historie

I nyare tid har det vore fleire feltspat- og kvartsgruver rundt myra. I middelalderen var det truleg myrmalmprodukson her. På myra ligg Myrstålmyrbua, der Jørgen Løvland som ung gut skar inn mottoet «Les og vex» i buveggen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...