Myrstålmyra
Myrstålmyra er ei stor myr på heia aust for Fylkesveg 292, på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje. Midt på myra ligg den vesle åsen Bueknutten. På vestsida av Bueknutten ligg Myrstøyltjønn. Gymsåna renn over myra. Det går ein traktorveg, ein gamal gruveveg, frå Sagbakken gruve ved Fv-292 oppover i terrenget og inn til myra.
Historie[rediger]
I nyare tid har det vore fleire feltspat- og kvartsgruver rundt myra. I middelalderen var det truleg myrmalmprodukson her. På myra ligg Myrstålmyrbua, der Jørgen Løvland som ung gut skar inn mottoet «Les og vex» i buveggen.
Kjelder[rediger]
- Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018, side 71
- Norgeskart.no
Kart[rediger]
Laster kart...