Hopp til innhald

Nørstevodd (Bygland gnr. 34 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juni 2026 kl. 13:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny heimelshavar)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Nørstevodd med Åraksfjorden og Sandnes bak.

Nørstevodd er eit gardsbruk (gnr. 34 bnr. 2) på Skomedal i Bygland. Det er slik namnet syner bruket som ligg lengst nord på Skomedal. Husa ligg rett ved Riksveg 9, med våningshus og Nørstevoddburet på vestsida (oversida) av riksvegen, og uthuset på andre sida, ned mot fjorden.

Namnet Nørstevodd skal ikkje ha blitt brukt om bruket før i 1804, men bnr. 2 eksisterte lenge før den tid.

Roald Klungland (f. 1970) er heimelshavar til eigedomen (2026). Han overtok heimelen etter Gunstein G. Skomedal i 2023.

Historie

Namnet Gunstein Gunsteinson Skomedal går igjen mellom eigarane av bruket, i minst sju slektsledd.

Kjelder

Kart

Laster kart ...