Postludium (program)
Postludium (program) er eit program i Valle Radio. Det har vore fast på tysdagskveldane klokka 20.30 omtrent sidan vi starta med tysdagssendingar i lokalradioen i 1998.
Programmet er vigd til kyrkjemusikk, helst på orgel, men også med innslag av korsong. Programleiarar er annankvar tysdag den som er ansvarleg for programmet, til å begynne med var det Harald Haugland, sidan overtok Siri Johannessen då han vart pensjonist. Den andre tysdagen er det Niklos K. Besteland som er programleiar. Han har ei stor samling med kyrkjemusikk på LP og CD og stor kunnskap om både orgel og musikk. Han har gjennom åra møtt mange av organistane som er blitt presentert i programmet.
Det har og vore gjester som har valt ut musikken, til dømes Pieter Leebeek og Henrik West som har vore med fleire gonger. Bland dei andre er:
- 13. februar 2018: Arne Rodvelt Olsen i Tønsberg; domkantor, domorganist, salmediktar og komponist.
- 17. apri 2018: Ivar Mæland, organist, komponist, orgellærar med meir i «eit møte med».
- 20. november 2018: Bjørn Vidar Ulvedalen, orgellærar og leiar for Orgelskolen i Re som har inspirert «Pilegrim i orgelsko», og kantor i «eit møte med».
- 12.mars 2019: Audun Frode Ringkjøb, organist, tubaist, komponist og kordirigent frå Ringerike.
- 6. juni 2019: Knut Kirkesæther, m.a. dagleg leiar for Lofoten Kammermusikk-festival.
- 30. juli 2019: Guy Poupart, m.a. leder for Valen-koret, det Norske Orgelselskap, konsertorganist.
- 26. november 2019: Nils Einar Helland, pianist, organist og Siris inspirator for å invitere gjester til Postludium.
- 25. februar 2020: Andrea Maini, om orgel, vallemål med mer.
- 7. april 2020: Jan Stefan Bengtsson, kantor i St. Svithun i Stavanger og musikkforlegger i Lyche.
- 28. april 2020: Dan René Dahl, domkantor ved Fredrikstad domkirke.
- 6. oktober 2020: Åge C. Haavik hadde valgt musikk forbundet med M.B. Landstad-jubileet, og Siri Johannessen presenterte den.
- 1. desember 2020: Kjetil Ertresvåg, kantor i Moss kirke.
- 12. januar 2021: Et møte med... og Postludium: Bernard Emmelkamp, kantor i Vennesla, tidligere organist i Valle og Hylestad.
- 6. juli 2021: Postludium til minne om Thore Ulf Haukner som døde 24. juni 2020, med Kjetil Bergheim.
- 24. august 2021: Preludium og Postludium: Ann-Karin Både, administrativ leder for Norsk orgelfestival i Stavanger 15. til 19. september
- 7. desember 2021: Preludium og Postludium: Kantor i Lyngdal, Jorunn Margrete Moen
- 19. juli 2022: Preludium og Postludium: Svein Erik Tandberg, organist og medarrangør av Vestfold orgelfestival 3. til 7. august
- 15. november 2022: Preludium og Postludium: Victoria Ulriksen, organist
- 2. mai 2023: Preludium og Postludium: Anders Eidsten Dahl (kantor i Bragernes) og Musica Sacra
- 6. april 2024: Et møte med en (kirke)musiker: Knut Størdal, kirkemusiker og universitetslektor ved NTNU
- 23. juli 2024: Et møte med...: Reidar Sløgedal, komponist, organist og lærer
- 13. august 2024: Pre- og Postludium med Arnfinn Tobiassen, domkantor i Domkirken og St. Petri menighet, Stavanger
- 17. desember 2024: Juleoratorium. Karstein S. Ærø, kantor i Vestre Aker kirke, presenterte sitt Juleoratorium, komponert i 2002, til avslutning av tirsdagssendingene før jul.
Kjelder
- Harald Haugland etter hukommelsen
- Programma frå Valle Radio sine sendingar på Setesdalswiki