Når det gjelder arrangement i Setesdalswikis kalender: sjekk med arrangøren før du reiser – mange arrangement avlyses dessverre pga corona.
Dette har vi ikke mulighet til å følge godt nok opp.

Ivar Mæland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ivar MælandSymbol unrelated.svg
Ivar Mæland ved orgelet.jpg
Født: 8. oktober 1950 (69 år)

Ivar Mæland (fødd 8. oktober 1950) er ein pensjonert organist frå Bømlo. Han var bare fem år då han bestemte seg for å bli organist. 16 år gammel begynte han på organistutdanning i Haugesund, då jhan var 18 år kom han inn på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Samstundes fekk han jobb som organist i Sjømannskirken i København. I 1975 tok han kirkemusikalsk diplomeksamen. Deretter fekk han jobb som organist i Skagen i Danmark.

I 1978 kom Ivar Mæland til Trondheim som lektor på Trøndelag Musikkonservatorium. Kort tid etter det vart han assisterande domkantor i Nidarosdomen. I 1987 vart han leiar i Norsk Kantor- og Organistforbund. Året etter tok han til som organist i Fana kyrkje. I 1997 gjekk turen til Danmark att. Då vart han rektor på Vestervig Kirkemusikskole, organist i Vestervig kirke og dirigent for Vestervig Kammerkor. Her vart han verande til 2013, då kom han tilbake til Fana kyrkje og var der frå 2014 til 31. desember 2016, då han vart pensjonist. Men han har halde fram også etter at han vart pensjonist, i 2017 tok han jobb som organist i Fedje kyrkje. Samstundes held han konsertar når det høver. 18. april 2018 hadde han konsert i Valle kyrkje og dagen før deltok han i Tysdagssending i Valle Radio 20180417 i ein timelang samtale med Siri Johannessen, der han også presenterte musikk han har komponert.

Kjelder[rediger]