Hopp til innhald

Birtedalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. april 2022 kl. 10:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (KOrt om historisk tilknytning til Bygland)
Øvre Birtedalen sett frå Kvipteskaret.

Birtedalen er eit dalføre vest for Nesvatn i Fyresdal, nær grensa mot Bygland. Inst og lengst nord i dalen ligg heiegarden og gjestegarden Kvipt. Det store Birtevatnet fyller mykje av dalbotnen her. Litt lenger ute i Øvre Birtedalen ligg Kile og Tovsli. I Nedre Birtedalen ligg fråflytta gardar som Midtgarden, Neset, Vinsnes og Vik. Det går køyreveg innover til daløret frå nordre enden av Nesvatn.

Birtedalen var opphaveleg ein del av Bygland, og høyrde såleis til Råbyggelag.

Kjelder

Kart