Olav Aa. Aakre

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juni 2020 kl. 19:15 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Aa. Aakre
Født: 1942 (alder 83–84)

Olav Aa. Aakre(fødd 1942) var byggmeister på Birkeland. Han er frå Valle og reiste til Kristiansand der han gjekk i snikkarlære. Sidan fekk han jobb i entreprenørfirmaet Kruse Smith. På Mosfjeld i Birkeland fekk han overta eit gardsbruk i 1963 etter onkelen som også heitte Olav Åkre og var lærar i Birkenes.

Saman med broren Bjørn Aa. Aakre dreiv han i mange år byggmeisterfirmaet Brødrene Åkre. Dei sette opp bustadshus i Birkenes og Lillesand. Framleis lever også søstera Birgit Eldhuset, som var gift med Hallvard Eldhuset i Åraksbø. Foreldra var Birgit B. Åkre og Ånund B. Åkre.

Olav Aa. Aakre har samla på Setesdølen heilt frå første nummer kom ut i januar 1975.

Kjelde