Bjørnestøl (Evje og Hornnes gnr. 36)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Bjørnestøl («Heia») er ein heiegard (gnr. 36) i området rundt Gåseflå og Matkrona ved Gunnarsåna på heia vest i Hornnes, inn mot grensa til Åseral. Det er ingen fast busetnad på garden idag, men ein del fritidsbustader. Matkronvegen går inn til området frå Fylkesveg 42 ved Bjørndalsvatnet. Men inn til Heietjønn, der dei opphavelege bruka låg, er det veglaust.
Historie
Bjørnestøl var ein liten gard (1/2 hud), men frå midten av 1700-talet budde det to huslydar der. I 1865 skal det ha budd 20 menneske i Bjørnestøl. Dei nedlagte gardsbruka Matkrona og Gåseflå, der gardshusa framleis står, ligg på Bjørnestøl sin grunn.
Kjelder
- NIBIO - Gardskart på nett
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 688-697