Avdagsfjellet
Avdagsfjellet er eit fjell (544 moh.) på Frikstad, nord for Fylkesveg 292, nord i Iveland. Fjellet er ein lys pegmatitt.
Avdagsfjellet er eit populært turmål. Det går merka turløype inn til toppen frå parkeringsplass vest for Frikstad.
Kjelder
- Iveland V. Gruvedrift, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 2007, side 16