Hopp til innhald

Heimigardsløa

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. september 2017 kl. 10:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om restaurering)
Heimigardsløa 20. juli 2017.
Fil:Heimigard Rysstad løa 180217.jpg
Heimigardsløa under restaurering vinteren 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Heimigardsløa er ei gamal løe, ein av dei eldste trebygningane i Setesdal, på bruket Heimigard RysstadRysstad i Valle. Løa er bygd før 1350, altså før Svartedauden. Det kan ein vite ut frå korleis hjørna er hogne i hop på. Det er findalslaft, ein måte å lafte på som bare er kjend før 1350.

Løa er det einaste huset i sitt slag som ein kjenner frå mellomalderen. Ho er såleis truleg den eldste løa i landet. Ho er automatisk freda etter Kulturminneloven.

Restaurering

Løa blei første gong restaurert rundt 1970. Det var Bjørgulv T. Rysstad med fleire som stod for arbeidet. Vinteren 2016/2017 blei ho restaurert på nytt. Bygningsmannen då var Hallvard Nomeland.

Sjå også

Kjelder