Hopp til innhald

Heimigardsløa

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. april 2017 kl. 10:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Sjå også)
Fil:Heimigard Rysstad løa 180217.jpg
Heimigardsløa under restaurering vinteren 2017.

Heimigardsløa er ei gamal løe, ein av dei eldste trebygningane i Setesdal, på bruket Heimigard RysstadRysstad i Valle. Løa er bygd før 1350, altså før Svartedauden. Det kan ein vite ut frå korleis hjørna er hogne i hop på. Det er findalslaft, ein måte å lafte på som bare er kjend før 1350.

Løa er det einaste huset i sitt slag som ein kjenner frå mellomalderen. Ho er såleis truleg den eldste løa i landet. Ho er automatisk freda etter Kulturminneloven.

Sjå også

Kjelder