Hopp til innhald

Søndre Haugen (Bygland gnr. 31 bnr. 1)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. november 2017 kl. 07:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Fil:Søndre Haugen bnr. 1 Åraksbø 240217 (2).jpg
Det vakre våningshuset i Søndre Haugen bnr. 1. I dag er det fritidsbustad.
Fil:Søndre Haugen bnr. 1 Åraksbø 240217 (5).jpg
Det gamle buret på bnr. 1.
Foto: Geir Daasvatn

Søndre Haugen er eit gardsbruk (gnr. 31 bnr. 1) i matrikkelgarden Søndre Haugen i Åraksbø i Bygland. Når ein kjem til Åraksbø frå sør, er Søndre Haugen dei første husa ein kjem til langs den gamle bygdevegen. Bnr. 1 ligg på oversida av vegen. På nedsida ligg bnr. 6, som blei skild ut frå bnr. 1 i 1918.

Det står eit gamalt stabbur på gardsbruket. Buret blei fint restaurert i 2005. Over døra oppe på loftet er årstalet 1711 hogge inn.

Heimelen til eigedomen er (2017) delt mellom Torbjørn Torgeirson Haugen (f. 1963) og mor hans Ellen Bjørg Haugen (f. 1934). Det er ikkje fast busetnad på bruket i dag.

Historie

Ei gong i mellomalderen må Haugen ha blitt skild ut frå opphavsgarden Årak. Ein gong etter dette igjen må Haugen ha blitt dela i Søndre og Nordre Haugen. Den delte Haugen er omtalt i skriftlege kjelder frå 1567, men delinga i to gardar kan ha skjedd lenge før det igjen.[1]

Mellom dei som har vore eigarar av Søndre Haugen bnr. 1 er vegoppsynsmann Torgeir T. Haugen. Dagens eigar Torbjørn Haugen er oldebarnet hans.

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 483