Monen (Evje og Hornnes gnr. 35)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Monen Hornnes 061016.jpg
Monen i 2016.

Monen er ein gard (gnr. 35) på nordsida av Bjørndalsvatnet vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. I eldre tider blei han kalla «Moen vestre», for å skille han frå eit gardsbruk på Moseid som også heitte Monen. Det er mange år sidan det har vore fast busetnad på garden. Men mange av fritidsbustadene på nordsida av Bjørndalsvatnet, langs Sollivegen, Mathølvegen og Matkronvegen, ligg på Monen sin grunn.

Historie

Første gong Monen er nemnd som eigen gard er i futerekneskapen for 1664. Før dette var han truleg husmannsplass, kanskje under Steinsland som ligg i vestre enden av Bjørndalsvatnet. Den første oppsittaren ein kjenner til i Monen var Tore Torgeison Monen. I 1865 budde det sju menneske i Monen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...