Honorarfond for folkemusikk
Honorarfond for folkemusikk vart oppretta i 2008 på initiativ frå Valle Sparebank, slik at folkemusikarane lokalt kunne få eit honorar for musikken sin. Så vart rådmannen i Valle invitert med, og ein vart samde om å opprette fondet. Foreningar og private personar innanfor Valle kommune kunne søke tilskot for å underhaldning. Fondet skulle stø dette med to tredeler. Fondet skulle administrerast av Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Torleiv K. Løyland frå Setesdal Spelemannslag. Sidan søkte ein Bygland og Bykle om å verte med, og dei kom og med i ordninga.