Nils Dåsvatn
| Nils Dåsvatn | ||
|---|---|---|
| Født: | 1929 (alder 96–97) | |
Nils Dåsvatn (fødd 1929) er pensjonert lærar og rektor. Han bur i leiligheit på bygde- og sjukeheimen i Iveland.
Nils var fødd i Voilestø på Kjetså i Hornnes, og vaks opp på småbruket Farmo litt nærare jernbanestasjonen som var i Hornnes-bygda då. Foreldra var Tomas J. Daasvatn og Berta Daasvatn (fødd Flystveit). Nils var gift med Gerda Dåsvatn (fødd Homme). Gerda døydde i 2011.
Nils gjekk på Hornnes landsgymnas, og tok artium i 1949. I 1952 tok han lærarskuleeksamen. Han var eitt år som lærar i Luster i Sogn, så fire år i Kvalsund i Finnmark. I 1956 kom han til Kristiansand. Her var han lærar i fleire år. Men dei fleste av åra i Kristiansand var han rektor på tre forskjellige skular; Lahelle, Voie og Slettheia. Familien flytta så til Iveland. Dei siste seks åra av yrkeslivet var Nils skulesjef i Iveland kommune.
Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på Flystveit i Åseral. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om Iveland bygde- og sjukeheim. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.