Evje Utvikling

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. desember 2014 kl. 01:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten opprydning i oppsettet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Connie Barthold er prosjektleiar i Evje Utvikling

Evje Utvikling er eit selskap som arbeider med omstiling og næringsutvikling i Evje og Hornnes kommune. Selskapet kan og være med aktivt i næringsutvikling i nabokommunar.

Kommunen eig selskapet 100%.

Prosjekt

Evje Utvikling vart stifta i 2001 og har hatt ei rekke prosjekt gjennom åra. Dei aktive prosjekta i 2010 var: Etablererrådgivning 2010, frokostmøter for næringslivet, God driv, som er eit prosjekt for å sjå på utvikling av Evjemoen til næringsføremål, gründercoach, kulturtilbud på Evjemoen Kino, kvinnenettverk i samarbeid med Setesdal Regionråd, luftfartshøyskole i samarbeid med Froland kommune, samt seminar og rådgjeving for eksisterande bedrifter. Det siste akive prosjektet i 2010 var Setesdals Næringshage. I tillegg jobbar Evje Utvikling med eit forprosjekt for å sjå på korleis ein kan utnytte Trollbakken som eit nærmiljøprosjekt med tanke på aktuelle investorar.

Styre

Frå 2009 var desse med i styret til Evje Utvikling AS: Kjell Rune Nakkestad (styreleiar), Helge Bjorvand, Grethe Ueland Hunshammer, Vidar Smeland og Solveig Kallhovd. I 2014 er styret samansett av Kjell Rune Nakkestad (styreleiar), Vidar Smeland og Liv Hansen.

Tilsette

Daglig leiar er Ståle Olsen, prosjektleiar er Connie Barthold.

Eksterne lenker