Hornnes landsgymnas: Skilnad mellom versjonar
→Eksterne lenker: omkat |
s Bildetillegg |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hornnes gymnas og Otrahallen 2011.jpg|thumb|350px|Hornnes videregåande skule og Otrahallen{{byline|Reidar Tveito}}]] | |||
'''Hornnes landsgymnas''' vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på [[Hornnes]] i noverande [[Evje og Hornnes kommune]]. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule. | '''Hornnes landsgymnas''' vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på [[Hornnes]] i noverande [[Evje og Hornnes kommune]]. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule. | ||
Versjonen frå 14. april 2011 kl. 11:17

Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på Hornnes i noverande Evje og Hornnes kommune. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule.
Linjer og elevar
Hornnes landsgymnas hadde real- og engelsklinje. Frå 1924 fekk ein latinlinje, den hadde skulen fram til 1947. I perioden 1931 til 1939 var det ingen elevar på engelsklinja. Over 80 prosent av elevane kom frå dei to Agder-fylka. Første artiumskull i 1922 hadde 18 kandidatar, to av desse var jenter. I 1928 var det 31 artianarar, i 1947 var det 44. Kvinneandelen dobla seg frå 17% i 1922-1940 til 35% i 1963-1970.
Under andre verdenskrig miste åtte elevar livet. Tyskarane brukte gymnastikksalen til potetlager. I februar 1942 var det elevdemonstrasjon som førte til at NS kravde bortvisning. Rektor nekta å vise dei bort. Same året vart elevar nekta å få eksamen om dei ikkje melde seg inn i NS, i mars var Lærarsambandsstriden. Skulen var stengd i fleire veker og ein av lærarane vart arrestert og send til Kirkenes.
Rektorar
- Gunnar Abusland 1918-1922
- Karl Hatteland 1922-1923
- Daniel Danielsen 1923-1950
- Gunstein Langerak 1950-1961
- Eldar Peter Molaug 1961-1973
Lærarar
- Elias Ryssdal
- Ola Øygard
- Bjarne Svare
- Jon Landstad
- Kåre Glommen
- Aasmund Hoel
- Anton Røstad
- Audun Ohmstad
- Gudrun Kvamsdal
- Ånen Abusland
- Harald Tveit
- Bjarne Johan Ore
Nokre elevar
Her er nokre elevar og året dei tok artium:
- Alf Hellevik 1931
- Jens Haugland 1932
- Kristian Tregde 1936
- Gabriel Øidne 1938
- Olav Bø 1938
- Knut Mykland 1940
- Anne Gullestad 1945
- Olav Arne Kleveland 1954
- Geir Kjetsaa 1956
- Kjell Kristian Rike 1963
- Paal-Helge Haugen 1964
- Grete Faremo 1973
Kjelder
- Olav Arne Kleveland: Landsgymnaset på Agder. Artikkel i Gudleiv Forr og Helge Vold: Landsgymnaset Det Norske Samlaget 2007 ISBN 9788252171389
- Eldar Molaug: Hornnes landsgymnas. Artikkel i Jol i Setesdal 1969