Hallvard Eldhuset: Skilnad mellom versjonar
bibliografi |
ekstern lenke |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
==Bibliografi:== | ==Bibliografi:== | ||
* ''Djupt gjennom berg det hjalar''. Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-82-92441-72-5 | * ''Djupt gjennom berg det hjalar''. Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-82-92441-72-5 | ||
==Eksterne lenker== | |||
*[http://valleradio.blogs.no/2010/10/29/djupt-gjennom-berg-det-hjalar-9851743/ Om boka til Hallvard Eldhuset på valleradio.blogs.no] | |||
{{DEFAULTSORT:Eldhuset, Hallvard}} | {{DEFAULTSORT:Eldhuset, Hallvard}} | ||
Versjonen frå 29. oktober 2010 kl. 23:11
Hallvard Eldhuset (fødd 9. juni 1914 i Åraksbø, død 3. desember 1976) var lærar og skuleinspektør i Bygland kommune. Han vaks opp på gard i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han saman med kona Birgit, fødd Åkre, heimegarden i Åraksbø, der tre gutar vaks opp.
Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i Bygland kommune, dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på Bygland. Etter kvart vart han skuleinspektør i kommunen.
I mange år var han meldar i Fædrelandsvennen frå Bygland kommune. Seinare skreiv han andaktane i Setesdølen då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i.
I fleire periodar var han medlem av kommunestyret i Bygland, og i 1969 stod han på 3. plass på lista til Stortingsvalet for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder. Som medlem av kommunestyret var han og med i ei rekke nemnder og utval i kommunen.
Hallvard Eldhuset skreiv og i Jol i Setesdal og laga prologar og dikt til ulike samanheengar. Setesdalsforlaget gav i 2010 ut ei bok med dikt i utval ved Ånund K. Homme.
Bibliografi:
- Djupt gjennom berg det hjalar. Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-82-92441-72-5