Skilnad mellom versjonar av «Uldal (Froland gnr. 70)»
s (Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng) |
s (Lagt til en kategori) |
||
Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Garder i Froland]] | [[Kategori:Garder i Froland]] | ||
[[Kategori:Stadnamn i Froland]] | |||
[[Kategori:Mykland]] | [[Kategori:Mykland]] |
Siste versjonen frå 28. desember 2023 kl. 19:16
Uldal er ein gard (gnr. 70) ved Uldalsvassdraget, heilt vest i Mykland i Froland. Vegforbindelsen er til Furholt ved Fylkesveg 406 mellom Vegusdal og Senumstad. Skripelandsfossen kraftverk ligg på Uldal sin grunn. Det siste bruket på garden blei fråflytta rundt 1968. Men på 1970-talet kom det køyreveg fram til Uldal og ny busetjing.
Bnr. 1
Helge Treldal (f. 1942) og Laila Treldal eigde og budde lenge på Uldal bnr. 1, men er nå flytta til Elvegården på Evje. Slektningar har tatt over eigedomen. Bestefar til Helge, misjonær Edvard Treldal, hadde eigedomen før Helge overtok rundt 1976. Laila kjem opphaveleg frå Bygland.
Historie
Professor Knut Mykland tidfestar Uldal til førkristen tid, frå vikingtida, kanskje merovingertida, mogeleg folkevandringstida. I 1593 låg Uldal midt i eit veldig storrike på over 20 000 mål.[1]
Kjelder
- Kartverket
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 694
Referansar
- ↑ Knut Mykland, Mykland. Ei bygd i Råbygdelaget. Gard, ætt, grend II, utgjeve av Mykland bygdesogenemnd, 1970, side 33