Else Haugland: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks |
|||
| Line 13: | Line 13: | ||
*[http://www.moisund.com/2012/10/11/else-haugland-vart-noregsmeister/ Om Noregsmeisterskap i kettlebells til Else Haugland på Moisund.com] | *[http://www.moisund.com/2012/10/11/else-haugland-vart-noregsmeister/ Om Noregsmeisterskap i kettlebells til Else Haugland på Moisund.com] | ||
*''Line overtok som AP-leiar'', stykke i [[Setesdølen nr. 16, 2017]], side 4 | *''Line overtok som AP-leiar'', stykke i [[Setesdølen nr. 16, 2017]], side 4 | ||
*[https://www.setesdolen.no/nytt/dei-politiske-verva-er-fordelte/ Artikkel om konstituerande kommunestyremøte i Evje og Hornnes på Setesdølen si nettside 12. oktober 2023] | |||
{{DEFAULTSORT:Haugland, Else}} | {{DEFAULTSORT:Haugland, Else}} | ||
Versjonen frå 13. oktober 2023 kl. 07:00
| Else Haugland | ||
|---|---|---|
| Else Haugland. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 1969 (alder 56–57) | |
Else Haugland (fødd 1969) er hotelleigar på Evje og tidlegare lokalbanksjef i Sparebanken Sør Evje. Tidlegare har ho vore rådgjevar i Nordea (1999-2005), finansiell rådgjevar i Storebrand (2005-2010), salssjef i Storebrand (2010-2011) og investeringsrådgjevar i Sparebanken Sør (frå august 2011) før ho blei lokalbanksjef for Sparebanken Sør sitt avdelingskontor på Evje i 2013.
I november 2016 blei det kjent at Else Haugland hadde kjøpt Hotell Dølen på Evje saman med sambuar Øyvind Olsen. Overtakinga skjedde i januar 2017. Else slutta då som banksjef i Sparebanken Sør.
Else er engasjert i lokalpolitikken. Ho var leiar for Evje og Hornnes Arbeiderparti, men gav leiarklubba over til Line Vennesland på årsmøtet i lokallaget i februar 2017. Ho er vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre 2023–2027, og leiar i perioden også Levekårsutvalget i Evje og Hornnes.
Ho er også idrettsjente. Ho er Noregsmeistar i Kettlebells, ei form for kulelyfting. Frå 26. mai 2020 er ho leiar i Otra IL. Else har også vore leiar i Evje Handel- og Serviceforening.
Else og Øyvind bur i Svartevegen ved Arendalskrysset i Evje.