Nordstog Dalen (Bykle gnr. 6 bnr. 1): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
LItt meir om størrelsen på eiendommen
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Line 1: Line 1:
[[Fil:Nordstog Dalen Bykle 250616.jpg|miniatyr|høyre|Husa i Nordstog Dalen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Nordstog Dalen Bykle 250616.jpg|miniatyr|høyre|Husa i Nordstog Dalen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Nordstog Dalen''' er eit gardsbruk (gnr. 6 bnr. 1) i [[Skarketjønndalen]], på garden [[Vatnedalen (Bykle gnr. 6)|Vatnedalen]] sin grunn, i [[Bykle]]. Bruket ligg ved [[Løyningsvegen]], ikkje så langt nedanfor den minste (den nordlegaste) av dei to svære [[Vatndalsdammen|steinfyllingsdammane]] i austre enden av [[Vatndalen]]. Flatevidda skal alt-i-alt vere på over 100 000 mål, med svære areal på begge sider av [[Vatnedalsvatnet]] og [[Ormsavatnet]]. Det er den største fjelleigedomen som er samla på ei hand i Bykle.
'''Nordstog Dalen''' er eit gardsbruk (gnr. 6 bnr. 1) i [[Skarketjønndalen]], på garden [[Vatnedalen (Bykle gnr. 6)|Vatnedalen]] sin grunn, i [[Bykle]]. Bruket ligg ved [[Løyningsvegen]], ikkje så langt nedanfor den minste (den nordlegaste) av dei to svære [[Vatndalsdammen|steinfyllingsdammane]] i austre enden av [[Vatndalen]]. Flatevidda skal alt-i-alt vere på over 100 000 mål, med svære areal på begge sider av [[Vatndalsvatnet]] og [[Ormsavatnet]]. Det er den største fjelleigedomen som er samla på ei hand i Bykle.


== Historie ==
== Historie ==

Versjonen frå 10. februar 2023 kl. 19:02

Husa i Nordstog Dalen.

Nordstog Dalen er eit gardsbruk (gnr. 6 bnr. 1) i Skarketjønndalen, på garden Vatnedalen sin grunn, i Bykle. Bruket ligg ved Løyningsvegen, ikkje så langt nedanfor den minste (den nordlegaste) av dei to svære steinfyllingsdammane i austre enden av Vatndalen. Flatevidda skal alt-i-alt vere på over 100 000 mål, med svære areal på begge sider av Vatndalsvatnet og Ormsavatnet. Det er den største fjelleigedomen som er samla på ei hand i Bykle.

Historie

Ein reknar med at bnr. 1 var det opphavelege hovudbølet i Vatnedalen, med bruksnamnet Der Sø frå rundt år 1700. På den tida, lenge før Vatndalsvatnet blei demd opp, låg busetnaden i Vatnedalen innover mot vestre enden av vatnet.

I 1912 gav Stortinget konsesjon til Otteraaens Brugseierforening for regulering av Vatnedalsvatnet. Vatnet skulle hevast 6 m og senkast 2,5 m i forhold til opphaveleg vasstand. I 1916 kom arbeidet med dambygginga igang. Heile reguleringa var ferdig i 1921. Då var det bygd dam, og også grave kanal i Vatnedalsosen. Husa kom til å verta ståande på tørt land etter oppdemminga. Men det var att så lite dyrka jord at grunnlaget for gardsdrift var borte. I tillegg ville reguleringa øydelegge den viktige isvegen om vinteren. Det var derfor ikkje anna å gjere enn å flytte.

Det var Sjur S. Vatnedalen (f. 1886, d. 1971) som åtte Der sø i Vatnedalen då flyttinga skjedde, og som saman med kona Åshild K. Vatnedalen (f. 1894, d. 1975) sette i gang det svære arbeidet med å bygge nye hus og dyrke opp ein ny gard i Skarketjønndalen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...