Nåvatn dam III: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ny side |
s Kart |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 58.579000245392805,7.306714680173223~Nåvatn Åseral}} | |||
[[Kategori:Dammer]] | [[Kategori:Dammer]] | ||
[[Kategori:Åseral]] | |||
Versjonen frå 25. juli 2021 kl. 08:16
Nåvatn dam III var ein fleirbuedam i armert betong ved utlaupet av det opphavelege Nåvatn i Åseral. Dammen blei bygt i 1940–1943, og demte saman med tre andre nærliggande dammar opp Nåvatn til magasin for Skjerka kraftverk.
Etter bygging av Dam Skjerkevatn og Dam Heddersvika (fullført 2018) og heving av Øvre Skjerkevatn med 23 meter, blei Skjerkevatn og Nåvatn eitt stort samanhengande magasin, og dam III ved Nåvatn hadde ikkje lenger ein praktisk funksjon. Dammen blei då riven, medan dei tre andre dammane ved Nåvatn står att i landskapet som kulturhistoriske minne.
Kjelder
- Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk, utgitt av VAE Energi AS, 2000