Nåvatn dam II
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nåvatn dam II er ein platedam i armert betong ved utlaupet av det opphavelege Nåvatn i Åseral. Dammen blei bygt i 1940–1942, og demte saman med tre andre nærliggande dammar opp Nåvatn til magasin for Skjerka kraftverk.
Etter bygging av Dam Skjerkevatn og Dam Heddersvika (fullført 2018) og heving av Øvre Skjerkevatn med 23 meter, er Skjerkevatn og Nåvatn blitt eitt stort samanhengande magasin, og dam II ved Nåvatn har ikkje lenger ein praktisk funksjon. Men dammen står att i landskapet som eit kulturhistorisk minne.
Kjelder
- Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk, utgitt av VAE Energi AS, 2000