Dusifele: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Lagt til en kategori |
Rettet skrivefeuil |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Dusifele''' er eit lokalt uttrykk i [[Setesdal]] for den europeiske fiolinen. Uttrykket kjem av «dusinfeler», dvs. feler som vart produserte i «dusinvis», fabrikkerte. Dusifela var det sentrale | '''Dusifele''' er eit lokalt uttrykk i [[Setesdal]] for den europeiske fiolinen. Uttrykket kjem av «dusinfeler», dvs. feler som vart produserte i «dusinvis», fabrikkerte. Dusifela var det sentrale folkemusikkinstrumentet i Setesdal på 1800-talet. Ho kom til dalen først på 1800-talet eller mot slutten av 1700-talet, truleg med omreisande spelemenn. Ein av desse kan ha vore den kjende handelsmannen og spelemannen [[Peter Strømsing]]. | ||
Dusifela var det vanlegaste folkemusikkinstrumentet fram til 1860-talet. Då kom spelemannen [[Neri Neset]] frå [[Bygland]] med den første [[Hardingfele|hardingfela]] til dalen. I øvre delen av Setesdal skal byklaren [[Knut Knutson Vatnedalen]] ha vore den første til å føre inn hardingfela i setesdalsmusikken. | Dusifela var det vanlegaste folkemusikkinstrumentet fram til 1860-talet. Då kom spelemannen [[Neri Neset]] frå [[Bygland]] med den første [[Hardingfele|hardingfela]] til dalen. I øvre delen av Setesdal skal byklaren [[Knut Knutson Vatnedalen]] ha vore den første til å føre inn hardingfela i setesdalsmusikken. | ||
Versjonen frå 15. desember 2020 kl. 14:28
Dusifele er eit lokalt uttrykk i Setesdal for den europeiske fiolinen. Uttrykket kjem av «dusinfeler», dvs. feler som vart produserte i «dusinvis», fabrikkerte. Dusifela var det sentrale folkemusikkinstrumentet i Setesdal på 1800-talet. Ho kom til dalen først på 1800-talet eller mot slutten av 1700-talet, truleg med omreisande spelemenn. Ein av desse kan ha vore den kjende handelsmannen og spelemannen Peter Strømsing.
Dusifela var det vanlegaste folkemusikkinstrumentet fram til 1860-talet. Då kom spelemannen Neri Neset frå Bygland med den første hardingfela til dalen. I øvre delen av Setesdal skal byklaren Knut Knutson Vatnedalen ha vore den første til å føre inn hardingfela i setesdalsmusikken.
Kjelder
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndahl & Søn Forlag AS, 1980, side 176-177