Kaupmannsøyi: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Bilde av øya |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
[[Kategori:Øyer i Bygland]] | |||
Versjonen frå 9. april 2020 kl. 12:47

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Kaupmannsøyi er ei lita øy, bare knappast 100 meter lang, ved Byglandsfjord i den søre enden av Byglandsfjorden. Tradisjonen fortel at her møttes setesdølar og bymenn for å handle.
Fornminne
Det ligg seks gravrøyser og ein del mindre steinsamlinger som kan markere graver under markoverflata på øya. Gravene ligg på grus, så dei kan ikkje reknast som åsrøyser. Men plasseringa er nokså spesiell, og ein må tru at det har vore same tanke bak gravlegginga her som det er bak åsrøysene rundt Byglandsfjorden. Røysene er ikkje så store, 5-8 meter i diameter, men dei er tydeleg markert. Ein veit ikkje alderen på røysene. Men ei gravrøys på Nånesodden er tidfesta av arkeologane til yngre bronsealder.
Sjå også
Kjelder
- Frans-Arne Hedlund Stylegard, Gravrøyser ved Byglandsfjorden, artikkel på bloggen hans, dagsett 24. januar 2005
- Jan Henning Larsen, Gravene og bosetningen, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, side 59-60
- Jan Henning Larsen, May-Liss Bøe Sollund og Frans-Arne Stylegard, Gravrøysene ved Byglandsfjord, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 80 - 2004, side 89-104