Heddeviki (husmannsplass): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsetting
Line 9: Line 9:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]], bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 189-199.
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 189-199.


[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]]
[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]]

Versjonen frå 10. juni 2018 kl. 09:47

Utsyn frå Heddeviki sørover mot Åraksbø.

Heddeviki var ein husmannsplass ved Heddeviki, i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden igjen på 1800-talet blei husa sette opp lenger oppe i den bratte lia, om lag 100 meter opp frå fjorden.

Plassen høyrde opphaveleg under garden Nedstoga og bruket Urdi. I 1864 blei han skild ut frå Urdi og fekk bruksnamn Helleviken. Under jorskifte i 1972 blei Heddeviki slegen saman med Nordenå bnr. 1.

Rydningsmannen i Heddeviki var Anders Person Heddeviki. Etter at han døydde i 1753, er det lite å høyre om Heddeviki dei neste 100 åra. Men på 1850-talet fekk Omund Svendson Moi (f. 1792) bruksrett til plassen. Den siste bruksmannen var Tellef Tarkjelson Skore (f. 1840, d. 1907). Etter at han døydde, levde enka Signe Osmundsdotter Heddeviki (fødd Urdi 1845) i Heddeviki til 1909. To av borna til Tellef og Signe, Ingebjørg og Tarkjel, budde då framleis i Heddeviki. Etter at Signe døydde flytta dei frå plassen. Sidan har det ikkje budd folk her. Lensmann Lars Liestøl eigde plassen frå 1873 til 1910.

Det står framleis ei gamal løe med låve i Heddeviki. Murane etter våningshuset syner litt nord for løa. Men sjølve stova blei flytta til Åraksbø i 1915, og kom i bruk som «Folkets Hus». Ho står framleis nær bygdevegen, rett ovafor Åraksbø grendehus.

Kjelder