Rygnestad tursti: Skilnad mellom versjonar
s Småpuss |
s Rettet skrivefeil |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
[[Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap|Rygnestad saman med Flateland]] er eitt av 20 utvalde kulturlandskap i Norge, som blir tatt spesielt vare på. Rygnestadtunet høyrer inn under [[Setesdalsmuseet]], og reknast som eitt av dei mest særmerkte museum i landet. Det er såleis eit heilt spesielt kulturlandskap turstien går gjennom. | [[Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap|Rygnestad saman med Flateland]] er eitt av 20 utvalde kulturlandskap i Norge, som blir tatt spesielt vare på. Rygnestadtunet høyrer inn under [[Setesdalsmuseet]], og reknast som eitt av dei mest særmerkte museum i landet. Det er såleis eit heilt spesielt kulturlandskap turstien går gjennom. | ||
Løypa passerer nært forbi to gardstun. Turgåarar er oppfordra til å vise omsyn, og halde seg på stien. | Løypa passerer nært forbi to gardstun. Turgåarar er oppfordra til å vise omsyn, og halde seg på stien. Ein må også lukke grinder ein opnar undervegs. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 13. desember 2017 kl. 08:53
Rygnestad tursti er ei om lag 2,5 km lang turløype på Rygnestad i Valle. Løypa er merka med grøn farge, og vanskelegheitsgrad «lett». Stien tek til rett nedanfor Rygnestadtunet. Her er det også parkeringsplass. Løypa går på oversida av gardstunet i Nordigard Rygnestad og vidare vestover til Åreholtet. Her svingar stien mot sør, og går gjennom idyllisk skogsterreng til Årstog. Frå Årstog følger han Rygnestadvegen tilbake til startpunktet.

Rygnestad saman med Flateland er eitt av 20 utvalde kulturlandskap i Norge, som blir tatt spesielt vare på. Rygnestadtunet høyrer inn under Setesdalsmuseet, og reknast som eitt av dei mest særmerkte museum i landet. Det er såleis eit heilt spesielt kulturlandskap turstien går gjennom.
Løypa passerer nært forbi to gardstun. Turgåarar er oppfordra til å vise omsyn, og halde seg på stien. Ein må også lukke grinder ein opnar undervegs.
Kjelder
- Plakat/oppslag ved startpunktet