Rygnestad tursti

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Rygnestad. Løypa går på baksida av tunet i Nordigard Rygnestad til høgre i biletet, og vestover til Åreholtet i skogen bak i biletet. Etter eit strekk sørover gjennom skogen, følger stien bygdevegen tilbake til starten.

Rygnestad tursti er ei om lag 2,5 km lang turløype på Rygnestad i Valle. Løypa er merka med grøn farge, og vanskelegheitsgrad «lett». Stien tek til rett nedanfor Rygnestadtunet. Her er det også parkeringsplass. Løypa går på oversida av gardstunet i Nordigard Rygnestad og vidare vestover til Åreholtet. Her svingar stien mot sør, og går gjennom idyllisk skogsterreng til Årstog. Frå Årstog følger han Rygnestadvegen tilbake til startpunktet.

Turløypa tek til rett nedanfor Rygnestadtunet.
Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad saman med Flateland er eitt av 20 utvalde kulturlandskap i Norge, som blir tatt spesielt vare på. Rygnestadtunet høyrer inn under Setesdalsmuseet, og reknast som eitt av dei mest særmerkte museum i landet. Det er såleis eit heilt spesielt kulturlandskap turstien går gjennom.

Løypa passerer nært forbi to gardstun. Turgåarar er oppfordra til å vise omsyn, og halde seg på stien. Ein må også lukke grinder ein opnar undervegs.

Kjelder[rediger]

  • Plakat/oppslag ved startpunktet

Sjå også[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...