Haugenloftet: Skilnad mellom versjonar
s Sjå også |
s sitat |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men konservator [[Leonhard Jansen]] ved [[Setesdalsmuseet]] sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016: | Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men konservator [[Leonhard Jansen]] ved [[Setesdalsmuseet]] sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016: | ||
{{sitat|Vi har ingen gode skriftlige kilder fra 1200-tallet om livet i dalen, men utgravingene på Langeid viser mye større rikdom og velstand enn det man har trodd. Åraksbø ligger åpent på solsiden. Det er grunn til å anta at det var en mektig mann som reiste Haugenloftet.|Leonhard Jansen}} | |||
== Segn == | == Segn == | ||
| Line 32: | Line 31: | ||
[[Kategori:Bygninger i Bygland]] | [[Kategori:Bygninger i Bygland]] | ||
[[Kategori:Åraksbø]] | [[Kategori:Åraksbø]] | ||
__NOTOC__ | |||
Versjonen frå 4. mai 2017 kl. 22:08

Haugenloftet er eit eldgamalt loft, bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Loftet er freda etter kulturminnelova.
Loftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Faremo Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015, og var ferdig i begynnelsen av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var omlag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane Liv Torhild Nordenå Sørlien og Harald Sørlien var berekna til 100.000 kroner.
Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men konservator Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016:
| Vi har ingen gode skriftlige kilder fra 1200-tallet om livet i dalen, men utgravingene på Langeid viser mye større rikdom og velstand enn det man har trodd. Åraksbø ligger åpent på solsiden. Det er grunn til å anta at det var en mektig mann som reiste Haugenloftet. | ||
| – Leonhard Jansen | ||
Segn
Fleire segner er knytta til Haugenloftet. Ei segn er at ein mann skal ha blitt slegen i hel med ein staur like ved. Dei grov han ned oppe i Ånestig. Gjennom fleire generasjonar var området rundt Haugeburetein stad folk var redde for å passere når det var mørkt. Om dei kunne, sprang dei forbi det fortaste dei klarte. Det skal ha vore den gamle segna om drapet som gjorde at folk ikkje lika å gå forbi her i mørkret, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[1]
Kjelder
- Månedens kulturminne - Om Haugenloftet hos Aust-Agder fylkeskommune
- Ole Birger Lien, Treng fleire pengar for å restaurere Haugeburet, stykke i Setesdølen nr. 58, 2015, side 4
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 522-523
- Ole Birger Lien, Haugenburet i Åraksbø restaurert for 1,9 mill. kr., artikkel i Setesdølen nr. 85, 2016, side 12
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 490