Breive: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Hovudbruka: lenke Haugen |
s Lenke Utistoga |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Hovudbruka == | == Hovudbruka == | ||
*Flaten | *[[Utistoga (Breive Flaten)]] | ||
*[[Haugen (Breive Der inne)]] | *[[Haugen (Breive Der inne)]] | ||
*Midbø | *Midbø | ||
Versjonen frå 10. april 2017 kl. 08:35
Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Breive er ein matrikkelgard og ei grend i Bykle kommune, nord-vest for Hovden, langs nordsida av Breivevatnet, øvst i Setesdal. Grenda har utvikla seg frå Breivegardane, som er gardsnummer 1 i kommunen. Bustadene i Breive er stort sett gardsbruk. Det er også ein god del fritidsbustader i området.
Hovudbruka
- Utistoga (Breive Flaten)
- Haugen (Breive Der inne)
- Midbø
- Solbakken
- Nordgarden
Historie
Pollenanalysar syner at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden. Andre kjelder stadfestar at det temmeleg sikkert har budd folk på Breive året rundt frå 500-talet til kring 1350, og sidan frå midten av 1500-åra.
Kjelder
- Om Breive på lokalhistoriewiki.no
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 31-133