Hopp til innhald

Olav O. Tveit: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks kommunistpartiet
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune)
Line 14: Line 14:


{{DEFAULTSORT:Tveit, Olav O.}}
{{DEFAULTSORT:Tveit, Olav O.}}
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1912]]
[[Kategori:Fødsler i 1912]]
[[Kategori:Dødsfall i 1943]]
[[Kategori:Dødsfall i 1943]]
[[Kategori:Motstandsfolk fra Evje og Hornnes under andre verdenskrig]]
[[Kategori:Motstandsfolk fra Evje og Hornnes under andre verdenskrig]]

Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:56

Olav O. Tveit
Født: 16. januar 1912
Død: 27. mars 1943 (31 år)

Olav O. Tveit (fødd 16. januar 1912 i Evje, død 27. mars 1943 i tysk krigsfangenskap) var gruvearbeidar i Evje og motstandsmann under andre verdskrigen.

Olav Tveit var ein umåteleg dyktig mann i Arbeiderpartiet i si tid, skriv Sigmund Monen i sitt store verk om gruvehistoria i Setesdal.[1] Han var også aktivt med i fagforeninga i Flatebygd. Men saman med ein del andre braut han ut av Arbeiderpartiet, og var med og danna Evje kommunistparti. Då krigen kom, var han med i ei kommunistisk motstandsgruppe i Evje. Gruppa var knytta til den såkalla Lumber-gruppa i Kristiansand. Tveit vart arrestert av tyskarane 8. september 1942, sammen med mange andre i motstandsgruppa. Først blei han send til Kristiansand. Etter det kom han til Grini fangeleir. På Grini blei han alvorleg sjuk av nyrestein. Så vart han send vidare til Tyskland, først Sachsenhausen konsentrasjonsleir og etter det Staaken-Falkensee konsentrasjonsleir. Han hadde enno ikkje kome seg etter sjukdommen på Grini. Olav Tveit døydde i Falkensee 27. mars 1943.

Namnet til Olav O. Tveit er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945.

Kjelder

Referansar

  1. Sigmund Monen, Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 441