Haugenloftet: Skilnad mellom versjonar
s →Eksterne lenker: Fvn |
s →Eksterne lenker: rettet skrivefeil |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157676015813015 Geir Daasvatn sine bilete av Haugenloftet på Flickr] | *[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157676015813015 Geir Daasvatn sine bilete av Haugenloftet på Flickr] | ||
*[http://www.fvn.no/nyheter/lokalt/Agders-eldste-loft-ferdig-restaurert-692982b.html Artikkel på Fvn.no om Haugenloftet etter restaureringa 2016 | *[http://www.fvn.no/nyheter/lokalt/Agders-eldste-loft-ferdig-restaurert-692982b.html Artikkel på Fvn.no om Haugenloftet etter restaureringa 2016] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
Versjonen frå 3. november 2016 kl. 08:33

Haugenloftet er eit eldgamalt loft, bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Loftet er freda etter kulturminnelova.
Loftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Sør Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015, og var ferdig i begynnelsen av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var omlag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane Liv Torhild Nordenå Sørlien og Harald Sørlien var berekna til 100.000 kroner.
Kjelder
- Månedens kulturminne - Om Haugenloftet hos Aust-Agder fylkeskommune
- Ole Birger Lien, Treng fleire pengar for å restaurere Haugeburet, stykke i Setesdølen nr. 58, 2015, side 4
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 522-523
- Ole Birger Lien, Haugenburet i Åraksbø restaurert for 1,9 mill. kr., artikkel i Setesdølen nr. 85, 2016, side 12