Skreros: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skreros |
s Lenkefiks gravfeltet |
||
| Line 3: | Line 3: | ||
[[Kongevegen]], ein administrasjonsveg frå før [[:no:Harald Hårfagre|Harald Hårfagres]] tid, gjekk gjennom Skreros-garden. | [[Kongevegen]], ein administrasjonsveg frå før [[:no:Harald Hårfagre|Harald Hårfagres]] tid, gjekk gjennom Skreros-garden. | ||
Det er registrert eit [[ | Det er registrert eit [[Skollhaugan gravfelt|stort gravfelt]] på garden, med 12 graver. I to av desse er det gjort store funn frå [[:no:Folkevandringstiden|folkevandringstida]]. På grunnlag av funna meiner ein å kunne slå fast at Skreros må ha vore eit høvdingsete i [[:no:Jernalderen|yngre jernalder]]. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 23. oktober 2016 kl. 17:07
Skreros er ein gard (gnr. 157) i Vegusdal i Birkenes. Han ligg ved utlaupet av Skrerosåna i Ogge, ca. 1,5 kilometer austover frå Fylkesveg 405. Garden er rekna for å vere ein av dei eldste i Vegusdal. Han var ein av landnåmgardane, og blei truleg rydda omkring år 350 e.Kr.
Kongevegen, ein administrasjonsveg frå før Harald Hårfagres tid, gjekk gjennom Skreros-garden.
Det er registrert eit stort gravfelt på garden, med 12 graver. I to av desse er det gjort store funn frå folkevandringstida. På grunnlag av funna meiner ein å kunne slå fast at Skreros må ha vore eit høvdingsete i yngre jernalder.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 549-577
- Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 32-35