Røysland (Valle gnr. 21): Skilnad mellom versjonar
Røysland |
s →Kjelder: lenkefiks |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle VI Gards- og ættesoge Valle]]'', utgjeve av [[Valle kommune]], 1987, side 456-543 | *[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle]]'', utgjeve av [[Valle kommune]], 1987, side 456-543 | ||
[[Kategori:Garder i Valle]] | [[Kategori:Garder i Valle]] | ||
Versjonen frå 7. februar 2016 kl. 10:45
Røysland er ein gard (gnr. 21) på vestsida av Otra, heilt nord i Valle. I sør grensar garden mot Løyland, og dessutan Åmli og Berg. På andre sida av Otra ligg Lunden. Det er bru over Otra ved Kallefoss. Nordover derfrå går vegen forbi Løyland og vidare til Røysland.
Historie
Alderen på garden er uviss, men kanskje mest truleg frå tidsromet 600-1000 e.Kr. Tor på Røysland er nemnd i kjelder frå 1595 til 1601, og er den første mannen ein kjenner namnet til på garden.
I 1752 var det storflaum i Otra, og det blei gjort stor skade på åker og eng på Røysland. 5. august 1793 vart garden, som mange andre gardar i Valle, råka av ras som gjorde store øydeleggjingar.
Slåttene på garden låg delvis langt nord i heia, over ei mil vekk. Det var mange støylar, mellom anna Krone, Slettestøyl, Iglebu, Nautebø, Nevredalen, Haugen, Nyestøyl, Reinsstøyl, Hestefjødd og Solli. Støylsdrift i vanleg forstand var det slutt med først på 1950-talet.
Det var sag på garden frå 1787 eller noko tidlegare. Denne saga stod truleg til eit stykke ut på 1800-talet. Også i nyare tid var det ei sag. Ho stod til 1961.
Garden hadde kvernhus i Lisleå. Men like etter 2. verdskrigen var det slutt på malinga her.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 456-543