Nordbø: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Litt mer om antatt alder på gården + kilde |
s Noen små presiseringer om alderen |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Nordbø''' er ein gard (gnr. 60) i [[Flatebygd]] i [[Evje og Hornnes]]. Han ligg nord for [[Gautestadvegen]], mellom gardane [[Tveit i Flatebygd|Tveit]] i vest og [[Austerhus]] i aust. Frå Gautestadvegen svingar [[Nordbøvegen]] seg oppover i terrenget mellom bruka i Nordbø. | '''Nordbø''' er ein gard (gnr. 60) i [[Flatebygd]] i [[Evje og Hornnes]]. Han ligg nord for [[Gautestadvegen]], mellom gardane [[Tveit i Flatebygd|Tveit]] i vest og [[Austerhus]] i aust. Frå Gautestadvegen svingar [[Nordbøvegen]] seg oppover i terrenget mellom bruka i Nordbø. | ||
Namnet var ''Nordrbær'' i gamalnorsk, altså ''Nordgarden''. Dette syner til at han er den nordre garden i forhold til [[Flåt]]. Flåt er truleg den eldste garden i Flatebygd, og Nordbø må derfor vere yngre enn | Namnet var ''Nordrbær'' i gamalnorsk, altså ''Nordgarden''. Dette syner til at han er den nordre garden i forhold til [[Flåt]]. Flåt er truleg den eldste garden i Flatebygd, og Nordbø må derfor vere yngre enn dette.<ref>[[Oddmund Mogstad]], ''Gardsnamn i Evje'', artikkel i [[Arnstein 2008]], side 36</ref> Ein trur at Flåt vart rydda i romersk jernalder, altså i eitt av dei første hundreåra etter Kristus. Samstundes meiner kjennarane at garden Tveit er gått ut frå Nordbø, kanskje på 800-talet.<ref>[[Arvid Tveit (Evje)]] og Oddmund Mogstad, ''Tveit i Flatebygd'', artikkel i [[Arnstein 2003]], side 23</ref> Eingong i tidsromet mellom dette må Nordbø då ha blitt skild ut frå Flåt. | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
Versjonen frå 5. november 2015 kl. 09:30
Nordbø er ein gard (gnr. 60) i Flatebygd i Evje og Hornnes. Han ligg nord for Gautestadvegen, mellom gardane Tveit i vest og Austerhus i aust. Frå Gautestadvegen svingar Nordbøvegen seg oppover i terrenget mellom bruka i Nordbø.
Namnet var Nordrbær i gamalnorsk, altså Nordgarden. Dette syner til at han er den nordre garden i forhold til Flåt. Flåt er truleg den eldste garden i Flatebygd, og Nordbø må derfor vere yngre enn dette.[1] Ein trur at Flåt vart rydda i romersk jernalder, altså i eitt av dei første hundreåra etter Kristus. Samstundes meiner kjennarane at garden Tveit er gått ut frå Nordbø, kanskje på 800-talet.[2] Eingong i tidsromet mellom dette må Nordbø då ha blitt skild ut frå Flåt.
Referansar
<references>
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 36
- ↑ Arvid Tveit (Evje) og Oddmund Mogstad, Tveit i Flatebygd, artikkel i Arnstein 2003, side 23