Lislestog: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ekstern lenke
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ekstern lenke til lokalhistoriewiki
Line 9: Line 9:


== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==
*[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=32&des_id=4 Meir om bygningane på Setesdalsmuseet si heimeside]]
*[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=32&des_id=4 Meir om bygningane på Setesdalsmuseet si heimeside]
*[http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Lislestog,_Bykle Om Lislestog og Henriksen-tunet på lokalhistoriewiki.no]


[[Kategori:Setesdalsmuseet]]
[[Kategori:Setesdalsmuseet]]
[[Kategori:Kultur i Bykle]]
[[Kategori:Kultur i Bykle]]

Versjonen frå 23. juli 2015 kl. 16:53

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i Bykle.

I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.

Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere den tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flutt hit eit nytt tømra hus som vart bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.

Kjelder

Eksterne lenker