Hornnes landsgymnas: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Bildetillegg
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
orto
Line 1: Line 1:
[[Fil:Hornnes gymnas og Otrahallen 2011.jpg|thumb|350px|Hornnes videregåande skule og Otrahallen{{byline|Reidar Tveito}}]]
[[Fil:Hornnes gymnas og Otrahallen 2011.jpg|thumb|350px|Hornnes vidaregåande skule og Otrahallen{{byline|Reidar Tveito}}]]
'''Hornnes landsgymnas''' vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på [[Hornnes]] i noverande [[Evje og Hornnes kommune]]. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule.  
'''Hornnes landsgymnas''' vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på [[Hornnes]] i noverande [[Evje og Hornnes kommune]]. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule.  



Versjonen frå 14. april 2011 kl. 11:20

Hornnes vidaregåande skule og Otrahallen
Foto: Reidar Tveito

Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på Hornnes i noverande Evje og Hornnes kommune. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule.

Linjer og elevar

Hornnes landsgymnas hadde real- og engelsklinje. Frå 1924 fekk ein latinlinje, den hadde skulen fram til 1947. I perioden 1931 til 1939 var det ingen elevar på engelsklinja. Over 80 prosent av elevane kom frå dei to Agder-fylka. Første artiumskull i 1922 hadde 18 kandidatar, to av desse var jenter. I 1928 var det 31 artianarar, i 1947 var det 44. Kvinneandelen dobla seg frå 17% i 1922-1940 til 35% i 1963-1970.

Under andre verdenskrig miste åtte elevar livet. Tyskarane brukte gymnastikksalen til potetlager. I februar 1942 var det elevdemonstrasjon som førte til at NS kravde bortvisning. Rektor nekta å vise dei bort. Same året vart elevar nekta å få eksamen om dei ikkje melde seg inn i NS, i mars var Lærarsambandsstriden. Skulen var stengd i fleire veker og ein av lærarane vart arrestert og send til Kirkenes.

Rektorar

  • Gunnar Abusland 1918-1922
  • Karl Hatteland 1922-1923
  • Daniel Danielsen 1923-1950
  • Gunstein Langerak 1950-1961
  • Eldar Peter Molaug 1961-1973

Lærarar

  • Elias Ryssdal
  • Ola Øygard
  • Bjarne Svare
  • Jon Landstad
  • Kåre Glommen
  • Aasmund Hoel
  • Anton Røstad
  • Audun Ohmstad
  • Gudrun Kvamsdal
  • Ånen Abusland
  • Harald Tveit
  • Bjarne Johan Ore

Nokre elevar

Her er nokre elevar og året dei tok artium:

  • Alf Hellevik 1931
  • Jens Haugland 1932
  • Kristian Tregde 1936
  • Gabriel Øidne 1938
  • Olav Bø 1938
  • Knut Mykland 1940
  • Anne Gullestad 1945
  • Olav Arne Kleveland 1954
  • Geir Kjetsaa 1956
  • Kjell Kristian Rike 1963
  • Paal-Helge Haugen 1964
  • Grete Faremo 1973

Kjelder

Eksterne lenker