Svalestoga (Valle gnr 31): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Bruk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 6: Line 6:


== Bruk i Svalestoga ==
== Bruk i Svalestoga ==
*[[Nigard (Svalestoga)]]  
*[[Nigard (Svalestoga)]]
*[[Vodden (Svalestoga)]]


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 26. november 2025 kl. 15:38

Svalestoga om lag midt i biletet, med Hommehaugen til venstre for seg.

Svalestoga er ein gard (gnr. 31) i Homme i Valle. Han høyrer til Syndre Homme, eller Sygard, saman med Hommehaugen. Folka i bygda brukar helst dette samnamnet når dei talar om desse to gardane, og dei ulike stogenamna om dei treng skilje meir, heiter det i gards- og ættesoga for Valle.

Historie

Ein kan nok rekne med at Svalestoga har vore eigen gard frå før Svartedauden (ca år 1350). Garden var truleg einbølt fram til slutten av 1500-talet. Då blei garden delt mellom to av sønene til Augund Steinarsson Homme, Jon og Sigurd. Jon sin part, som seinare blei bnr. 1 og 3, var den største. Denne parten blei delt i to rundt 1638. Dermed var det tre bruk i garden. Sigurd sin part (bnr. 6) var udelt fram til 1867, då bnr. 5 blei skild frå. I 1880 kom bnr. 4, som var skild ut frå bnr. 3. Bnr. 4 og bnr. 5 blei slegne saman til eitt bruk - Ròta. Bjøddebakke (bnr. 8) blei skyldsett i 1926. Seinare er fleire mindre eigedomar skild frå.

Bruk i Svalestoga

Kjelder

Alfred Ryningen, Valle kommune V Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 304-367