Dusifele: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Fjernet Kategori:Fele; La til Kategori:Feler via HotCat |
s Orto |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Olav Bø (1918)|Olav Bø]] (red.), ''[[Setesdal. Folk, kunst og tradisjon]]'', Grøndahl & Søn Forlag AS, 1980, side | *[[Olav Bø (1918)|Olav Bø]] (red.), ''[[Setesdal. Folk, kunst og tradisjon]]'', Grøndahl & Søn Forlag AS, 1980, side 176–177 | ||
[[Kategori:Ord og uttrykk]] | [[Kategori:Ord og uttrykk]] | ||
[[Kategori:Setesdal]] | [[Kategori:Setesdal]] | ||
[[Kategori:Feler]] | [[Kategori:Feler]] | ||
Siste versjonen frå 28. april 2022 kl. 07:02
Dusifele er eit lokalt uttrykk i Setesdal for den europeiske fiolinen. Uttrykket kjem av «dusinfeler», dvs. feler som vart produserte i «dusinvis», fabrikkerte. Dusifela var det sentrale folkemusikkinstrumentet i Setesdal på 1800-talet. Ho kom til dalen først på 1800-talet eller mot slutten av 1700-talet, truleg med omreisande spelemenn. Ein av desse kan ha vore den kjende handelsmannen og spelemannen Peter Strømsing.
Dusifela var det vanlegaste folkemusikkinstrumentet fram til 1860-talet. Då kom spelemannen Neri Neset frå Bygland med den første hardingfela til dalen. I øvre delen av Setesdal skal byklaren Knut Knutson Vatnedalen ha vore den første til å føre inn hardingfela i setesdalsmusikken.
Kjelder
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndahl & Søn Forlag AS, 1980, side 176–177