Deknehola: Skilnad mellom versjonar
s Kart |
s Rettet ørliten skrivefeil |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Deknehola Storstraumen 030120 (1).jpg|miniatyr|høyre|Deknehola [[3. januar 2020]]. Det går ein svær morenerygg rundt Fuglekilen. Deknehola er ein tydeleg passasje gjennom ryggen. Her ser ein hola frå aust mot vest. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Deknehola Storstraumen 030120 (1).jpg|miniatyr|høyre|Deknehola [[3. januar 2020]]. Det går ein svær morenerygg rundt Fuglekilen. Deknehola er ein tydeleg passasje gjennom ryggen. Her ser ein hola frå aust mot Fuglikilen i vest. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Deknehola Storstraumen 030120 (2).jpg|miniatyr|høyre|Deknehola sett austover | [[Fil:Deknehola Storstraumen 030120 (2).jpg|miniatyr|høyre|Deknehola sett austover frå Fuglekilen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Deknehola''' er ei stor utgraving i terrenget mellom [[Leirbukti]] i [[Byglandsfjorden]] og [[Fuglekilen]] i [[Åraksfjorden]], rett aust for [[Storstraumen]], etter eit kanaliseringsprosjekt rundt år 1740 som aldri vart fullført. | '''Deknehola''' er ei stor utgraving i terrenget mellom [[Leirbukti]] i [[Byglandsfjorden]] og [[Fuglekilen]] i [[Åraksfjorden]], rett aust for [[Storstraumen]], etter eit kanaliseringsprosjekt rundt år 1740 som aldri vart fullført. | ||
Siste versjonen frå 3. januar 2020 kl. 21:17


Deknehola er ei stor utgraving i terrenget mellom Leirbukti i Byglandsfjorden og Fuglekilen i Åraksfjorden, rett aust for Storstraumen, etter eit kanaliseringsprosjekt rundt år 1740 som aldri vart fullført.
I eldre tider, før Postvegen kom gjennom Setesdal først på 1840-talet, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden med Senumsbåtane. Men den gongen gjekk straumen stri mellom Byglandsfjorden og Åraksfjorden, og båtane måtte dragast over land eit lite stykke. Dette var slitsamt og tok tid.
Ein prest Jørgen Henrich Abel, oberst Christian von Koss og deknen Gunnar Halvorson Åkhus fekk då med seg folk til å grave ein kanal mellom Leirbukti og Fuglekilen, som båtane kunne gå gjennom. Men dei støytte på fjell, og prosjektet blei aldri fullført.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 112-113
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, side 121