Deknehola


Deknehola er ei stor utgraving i terrenget mellom Leirbukti i Byglandsfjorden og Fuglekilen i Åraksfjorden, rett aust for Storstraumen, etter eit kanaliseringsprosjekt rundt år 1740 som aldri vart fullført.
I eldre tider, før Postvegen kom gjennom Setesdal først på 1840-talet, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden med Senumsbåtane. Men den gongen gjekk straumen stri mellom Byglandsfjorden og Åraksfjorden, og båtane måtte dragast over land eit lite stykke. Dette var slitsamt og tok tid.
Ein prest Jørgen Henrich Abel, oberst Christian von Koss og deknen Gunnar Halvorson Åkhus fekk då med seg folk til å grave ein kanal mellom Leirbukti og Fuglekilen, som båtane kunne gå gjennom. Men dei støytte på fjell, og prosjektet blei aldri fullført.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 112-113
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, side 121