Evje Gull og Sylv: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Lagt til en kategori |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Etableringer i 1987]] | [[Kategori:Etableringer i 1987]] | ||
[[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]] | [[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]] | ||
[[Kategori:Butikker]] | |||
Versjonen frå 29. januar 2020 kl. 09:29

Foto: Geir Daasvatn
Evje Gull og Sylv er ei gull- og sylvvareforretning i sentrumsgata i Evje. Forretninga sel for ein stor del gull- og sylvvarer produsert i eige verkstad på Byglandsfjord. Dagleg leiar er sylvsmed Gunnar J. Helle. Forretninga er organisert i eit aksjeselskap, der dei største aksjonærane er Gunnar J. Helle og kona Torhild Helle. Omsetninga i 2014 var omlag fem millionar kroner. Butikken har kundar frå heile Setesdal og frå Åseral, Byremo, Vegusdal og Hægeland.
Historie
Butikken opna i Evje sentrum i 1987. Sommaren 2017 kunne han feire 30-årsjubileum. Butikken har fleire gonger hatt innbrot. Ved eit innbrot fredag 31. oktober 2014 fjerna tjuvane heile vinduet og tok utstillinga. Men dei vart tekne same dagen av politiet på Evje.
Kjelder
- Om Evje Gull og Sylv på Proff.no
- Sigurd Haugsgjerd, - Slutt på at folk kjem i siste liten, artikkel i Setesdølen nr. 95, 2016, side 8
- Tyvene fjernet hele vinduet