Bjørndalsvatnet: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks Bjørnestøl |
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Bjørndalsvatnet | [[Fil:Bjørndalsvatnet 251014 (2)-2.jpg|miniatyr|høyre|Bjørndalsvatnet ein vakker haustdag. Foto: [[Geir Daasvatn]]]] | ||
'''Bjørndalsvatnet''' ligg på heia lengst vest i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]], rett sør for [[Fylkesveg 42]] og ikkje langt frå grensa til [[:no:Vest-Agder|Vest-Agder]]. Vatnet er 0,6 km² stort. Bjørndalsvatnet heng saman med [[Kosvatn]]; vatna er bare skild frå kvarandre med eit smalt sund på ca 400 meter med liten høgdeforskjell. Bjørndalsvatnet er ein del av [[Kosåna]]-vassdraget. | '''Bjørndalsvatnet''' ligg på heia lengst vest i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]], rett sør for [[Fylkesveg 42]] og ikkje langt frå grensa til [[:no:Vest-Agder|Vest-Agder]]. Vatnet er 0,6 km² stort. Bjørndalsvatnet heng saman med [[Kosvatn]]; vatna er bare skild frå kvarandre med eit smalt sund på ca 400 meter med liten høgdeforskjell. Bjørndalsvatnet er ein del av [[Kosåna]]-vassdraget. | ||
Versjonen frå 3. april 2024 kl. 15:45

Bjørndalsvatnet ligg på heia lengst vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, rett sør for Fylkesveg 42 og ikkje langt frå grensa til Vest-Agder. Vatnet er 0,6 km² stort. Bjørndalsvatnet heng saman med Kosvatn; vatna er bare skild frå kvarandre med eit smalt sund på ca 400 meter med liten høgdeforskjell. Bjørndalsvatnet er ein del av Kosåna-vassdraget.
Rundt Bjørndalsvatnet, spesielt på nordsida, er det bygd mange fritidsbustader. Heilt i vestre enden av vatnet ligg den nedlagde garden Steinsland. Nord for vatnet ligg gardane Monen og Bjørnestøl, og i austre enden Bjørndal. Alle desse gardane er òg fråflytta. Frå nordsida av vatnet går det skogsbilveg (bomveg) langs Gunnarsåna til Gåseflå, Matkrona, Gunnarsvatnet og vidare heilt inn til Nedre Øyvatn.
I Bjørndalsvatnet har det gjennom minst 10 år vore utført utfisking med garn og storruser. Det har i gjennomsnitt blitt fanga nesten 5000 fisk kvart år. Ein sentral person i arbeidet har vore Hornnes-mannen Torbjørn Kallhovd.