Lislestog: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 17: | Line 17: | ||
[[Kategori:Kultur i Bykle]] | [[Kategori:Kultur i Bykle]] | ||
[[Kategori:Bygninger i Bykle]] | [[Kategori:Bygninger i Bykle]] | ||
[[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]] | |||
Versjonen frå 14. april 2018 kl. 10:08

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i Bykle.
I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.
Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere den tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flutt hit eit nytt tømra hus som vart bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.