Hopp til innhald

Agder rundt: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Siri J (diskusjon | bidrag)
trenger kategori!
 
Siri J (diskusjon | bidrag)
Line 30: Line 30:
:Grøn koffert kjem siste helfta av mai.
:Grøn koffert kjem siste helfta av mai.
:Ikkje noko arrangement.
:Ikkje noko arrangement.
==Eksterne lenkjer==
*[http://austagder.kulturnett.no/agderrundt/ Prosjektet sine heimesider på kulturnett.no]

Versjonen frå 2. februar 2012 kl. 16:53

Agder rundt er eit samarbeidsprosjekt mellom Vest-Agder fylkesbibliotek og Aust-Agder bibliotek og kulturformidling som set lokal litteratur og dei ulike biblioteka på kartet i 2012.

Biblioteket i kvar einskild kommune har vald ut ein tekst dei ynskjer å presentere, og i 2012 reiser to kofferter, ein grøn og ein turkis, rundt i Agder. I koffertane ligg dei utvalde tekstane både som vanleg, trykt bok og som e-bok. I tillegg finst nokre andre bøker om reising i dei. Ferda tok til fredag 6. januar i Tvedestrand gamle rådhus, og arrangementet var felles med Bokbyen sin markering av 200-års jubileet til Knud Knudsen.

Når kofferten kjem fram til biblioteka vil det bli sett opp ei utstilling, og dei fleste skal og ha eit arrangement i samband med dette. Planen er at dei to koffertane skal møtes på Lindesnes fyr sundag 2. desember 2012 etter å ha vitja alle dei 30 Agderkommunane.

Når kjem ein av koffertane til ein stad nære deg, og kva skjer?

Bygland
Blå koffert kjem siste helfta av januar.
9. februar: Gunstein Bakke kjem og talar om si nye bok, Maud og Aud, og Morten von Hafenbrädel om bokserien EurotouringByglandsfjord stasjon klokka 19.30.
Bykle
Blå koffert kjem i overgangen mars – april, og blir påska over.
Arrangement?
Evje og Hornnes
Grøn koffert kjem fyrste helfta av april.
Ikkje noko arrangement.
Froland
Grøn koffert kjem siste helfta av mars.
22. mars: Arrangement saman med Arendal.
Iveland
Grøn koffert kjem siste helfta av august.
Arrangement?
Sirdal
Grøn koffert kjem fyrste helfta av september.
Ikkje noko arrangement.
Valle
Grøn koffert kjem siste helfta av februar.
Arrangement?
Åseral
Grøn koffert kjem siste helfta av mai.
Ikkje noko arrangement.

Eksterne lenkjer