Lislestog: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ekstern lenke til lokalhistoriewiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Lislestog.jpg|thumb|Lislestog]]
'''Lislestog''' (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under [[Setesdalsmuseet]]. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i [[Bykle]].
'''Lislestog''' (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under [[Setesdalsmuseet]]. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i [[Bykle]].



Versjonen frå 12. september 2015 kl. 09:41

Lislestog

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i Bykle.

I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.

Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere den tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flutt hit eit nytt tømra hus som vart bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.

Kjelder

Eksterne lenker