Nils Dåsvatn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks + retting av div skrivefeil
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsetting
Line 5: Line 5:
Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på [[Flystveit]] i [[Åseral]]. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om [[Iveland bygde- og sjukeheim]]. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.   

{{DEFAULTSORT:Dåsvatn, Nils]]
{{DEFAULTSORT:Dåsvatn, Nils}}
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Personer fra Iveland kommune]]
[[Kategori:Personer fra Iveland kommune]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Fødsler i 1929]]
[[Kategori:Fødsler i 1929]]

Versjonen frå 14. november 2014 kl. 00:49

Nils Dåsvatn (fødd 1929) er pensjonert lærar og rektor. Han bur i leiligheit på bygde- og sjukeheimen i Iveland. Han var fødd i VoilestøKjetså i Hornnes, og vaks opp på småbruket Farmo litt nærare jarnbanestasjonen som var i Hornnes-bygda då. Foreldra var Tomas J. Daasvatn og Berta Daasvatn (fødd Flystveit). Nils var gift med Gerda Dåsvatn (fødd Homme). Gerda døydde i 2011.

Nils gjekk på Hornnes landsgymnas, og tok artium i 1949. I 1952 tok han lærarskuleeksamen. Han var eitt år som lærar i Luster i Sogn, så fire år i Kvalsund i Finnmark. I 1956 kom han til Kristiansand. Her var han lærar i fleire år. Men dei fleste av åra i Kristiansand var han rektor på tre forskjellige skular; Lahelle, Voie og Slettheia. Familien flytta så til Iveland. Dei siste seks åra av yrkeslivet var Nils skulesjef i Iveland kommune.

Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på Flystveit i Åseral. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om Iveland bygde- og sjukeheim. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.