Alfred Mortensen: Skilnad mellom versjonar
personmal |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| (Éin mellomliggjande versjon av éin annan brukar er ikkje vist) | |||
| Line 6: | Line 6: | ||
[[26. januar 1936]] opna den nye [[Oddebakken]] i Evje. Alfred Mortensen hadde lengste hoppet, vann klasse A og Damenes pokal. | [[26. januar 1936]] opna den nye [[Oddebakken]] i Evje. Alfred Mortensen hadde lengste hoppet, vann klasse A og Damenes pokal. | ||
Mortensen var aktiv skihoppar framover heile 1930-talet, til 1939. Etter krigen var han ikkje lenger så aktiv i hoppbakken og langrennssporet som han hadde vore tidlegare. Men så seint som i 1954 deltok han i eit | Mortensen var aktiv skihoppar framover heile 1930-talet, til 1939. Etter krigen var han ikkje lenger så aktiv i hoppbakken og langrennssporet som han hadde vore tidlegare. Men så seint som i 1954 deltok han i eit kombinertrenn i Aursjø. | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1914]] | [[Kategori:Fødsler i 1914]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1981]] | [[Kategori:Dødsfall i 1981]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
Siste versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:09
| Alfred Mortensen | ||
|---|---|---|
| Født: | 26. september 1914 | |
| Død: | 26. august 1981 (66 år) | |
Alfred Mortensen frå Flatebygd i Evje var fødd 26. september 1914 og døydde 26. august 1981. Han var ein dyktig skihoppar i det fine hoppmiljøet i Evje på 1930-talet. Han var også ein aktiv langrennsløpar.
Vinteren 1931 deltok Mortensen i heile 12 hopprenn. Han fekk 10 premiar og av dei var 6 førstepremiar. Lengste hoppet den vinteren hadde han i Vinddalsbakken på Byglandsfjord, der han hoppa 48 meter. I 1933 hoppa han 61 meter under trening i ein hoppbakke på Austlandet.
26. januar 1936 opna den nye Oddebakken i Evje. Alfred Mortensen hadde lengste hoppet, vann klasse A og Damenes pokal.
Mortensen var aktiv skihoppar framover heile 1930-talet, til 1939. Etter krigen var han ikkje lenger så aktiv i hoppbakken og langrennssporet som han hadde vore tidlegare. Men så seint som i 1954 deltok han i eit kombinertrenn i Aursjø.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 13-18
- Erik Kjebekk: Dyktige skihopparar frå Flatebygd, artikkel i Arnstein, 2010, s. 6-13